Norges Unge Katolikker

TRO     -     FELLESSKAP     -     HANDLING                                                             

Konfirmantovernatting i St. Hallvard

4.-5. februar vart det i St. Hallvard arrangera overnatting for konfirmantane i menigheten. Arrangementet var opphaveleg ikkje ein del av årsplanen for dette kullet, men vart til på førespurnad frå konfirmantane sjølve. Erfaringa frå leiren på Mariaholm hadde tydelegvis gjeve meirsmak, og då eit nærast einstemmig konfirmantkull ropa «Overnatting!», så var leiarane ikkje vanskelege å be. Overnatting skulle dei få!

        Trass dette såg det ut som om berre eit fåtal av ungdommane faktisk hadde høve til å koma, når dagen etter kvart nærma seg. Eg skal ikkje gå så langt som å seie at leiarane ikkje visste sine arme råd, men uvissa kring kva for oppmøte ein faktisk kunne forvente gjorde at både ein «Plan A», «Plan B» og «Plan C» måtte førebuast.

Når me då tok valet om å fortsette som planlagd, var det eit val få av oss angra på, og me både vonar og trur at dette inkluderer dei sju konfirmantane som møtte opp. Kan hende høyrest talet lite ut, men tatt i betraktning at overnattinga var heilt friviljug, så vel me å sjå på det som ein suksess. Alternativa for kva ein ungdom kan gjere på ein laurdag kveld er ikkje få, men likevel valde desse å vere i St. Hallvard. Det er me både takknemlege og glade for.

Og som tidlegare nemnd: det vart ein suksess. Konfirmantane vart møtt med ein enkel lunsj, som attpåtil kunne nytast rundt eitt enkelt bord. Den gode stemninga var straks til å ta å kjenne på. Like god var ho kanskje ikkje når underteiknande informera om at me trass alt måtte ha litt katekese på ei slik helg. Men praten kom fort i gang då katekesen gjekk ut på å, gruppevis, velje ut fem presserande spørsmål om katolsk tru, som eg i neste omgang skulle forsøke å svare på.

Guds Forsyn gjorde også ein justering av planane – til det betre – når eit kull med lutherske konfirmantar frå Grønland kyrkje plutseleg kom til St. Hallvard laurdag ettermiddag. Dei hadde gått pilegrimstur i Oslo, og turen skulle avsluttast i St. Hallvard. Dei var ikkje førebudd på nokon guiding, men me såg vårt snitt til å sette økumenikk ut i praksis då me slo dei to kulla saman og tok dei inn i kyrkjerommet. Her fekk både lutherske og katolske konfirmantar høyre om kva som er særskild med eit katolsk kyrkjerom, kva eit «tabernakel» er, kva ein helgen er, og kva som er funksjonen til dei låge benkane som så mange ofte legg føtene på. Møtet mellom dei to konfirmantkulla nådde eit sterkt høgdepunkt når både lutherske og katolske ungdommar tok knelebenkane i bruk, idet me saman ba den bøna som Herren lærte oss.

         Det obligatoriske innslaget «pizza og film» var sjølvsagt på plass, og det var også Ivan Vu frå NUK. Han fortalde om Norges Unge Katolikker, som organisasjon og om verksemda deira. Per i dag har St. Hallvard ikkje noko ungdomslag, men vona er at nokre ungdommar skal få lyst til å ta initiativ til å få dette på plass. I så måte gjorde Ivan ein god promotering – ja, han var trass alt ein vandrande reklame der han gjekk med NUK-hettegenseren. 

Overnattinga, som har høveleg ramma inn med kveldsbøn og morgonbøn i kapellet, nådde ein ende når resten av konfirmantkullet kom til den obligatoriske messa sundag formiddag. Takk så mykje til Huy Tran, som var ansvarleg leiar og som tok hovudansvaret for å få det i gang. Takk til alle leiarane, som tok av fritida si til å hjelpe til med å gjere helga så flott. Og ikkje minst, takk til konfirmantane som valde å bruke helga si saman med oss. Vona vår er at konfirmantane skal få oppleve kva me meiner når me seier at Kyrkja er eit fellesskap, at dei skal få kjenne at Kyrkja er ein god plass å vere, og, ikkje minst, at det er ein plass dei kan få lyst til å vende attende til om att og om att resten av livet sitt.


21 feb. 2017
Av: Joachim Teigen

Bunnpanel